NY BLOGG

teikning - raudhåra


halsen... uff og uff

hello there


følte at ein oppdatering var på sin plass. så her er eg. ikveld har vi feira bursdagen til pappa. den var for ei veke sida, eigentleg, men då var eg att på eid og hadde besøk av vener, så då kunne vi jo ikkje feire den. (hadde komt heim om ikkje mamma jobba heile helga, altså). har spelt sjukt bra i tetris ikveld. så plutseleg vart eg kjempedårleg og gjekk laaangt ned i rank. greaat

no gidd eg ikkje skrive meir, hade.

happy new year

no har vi sagt ha det til 2011 for snart ein time sidan. det har vore eit år på både vondt og godt;

        eg...

  • deltok på ukm
  • reiste til polen og tyskland med kvite bussar saman med klassen
  • var russ
  • klipte håret kort
  • fylte seksten år 
  • skifta ut min snart fire år gamle sony ericsson w810i med ein splitter ny htc desire s
  • gjekk ut av tiande med 5,2 i snitt
  • dekorerte ei scene som "sommarjobb" og fekk gratisbillett til kvernsteinsrock som betaling
  • var ei veke i dubrovnik saman med mamma
  • fant tidenes beste muffinsoppskrift 
  • farga håret rødt
  • flytta på hybel
  • starta første året design og håndverk på eid og fekk mange nye, flotte vener
  • mista ein kjær onkel
  • vart meir utadvendt og sjølvstendig
  • var mykje saman med vener
  • begynte å blogge på nynorsk i staden for bokmål

og mykje, mykje meir.

no må vi bli vande med å sei 2012. to tusen og tolv. tjue tolv. det er ikkje lenge sida vi sa ha det til 2010, syns eg, men så mykje rart og spennande og trist og fantastisk har hendt sida den gang. to tusen og tolv, folkens. to tusen og tolv.

vinterdesign


     før    ^
     etter    ^

no er jula så godt som over og ikveld er sjølvaste nyttårsafta. så då er det no more juledesign og velkommen til vinterdesignet. er så fornøyd med layouten at eg aldri forandrar meir enn fargane, haha. har faktisk laga bakgrunnen sjølv, syns eg er litt flink. neida. joda. syns?

look me in the eyes

teikneoppdrag


julegåve frå jenta på bildet til guten på bildet, teikna av meg. mitt første skikkelege teikneoppdrag! hadde ganske lite tid på meg, så eg har fokusert på å få ansikta bra til og ikkje like mykje klea (som dykk kanskje ser, heh). alt som betyr noko er at gava falt i smak, og då er jo oppdraget utført! 

GOD JUL


håpar alle får ei fantastisk fin jul med flotte presangar, god mat og godt selskap! no skal eg prøve å sove, så eg vaknar til tre nøtter til askepott begynnar imorgon tidleg. GOD JUL ALLE SAMAN!   

so this is christmas


etter fleire timars slit og depping (og ein del hjelp frå mamma) er rommet ferdig rydda. stova er pynta til jul, alt er rødt og grønt og gull og fint. ikveld vart juletreet satt opp og pynta, vi har sett grevinna og hovmesteren og gjort unna det siste styret før sjølvaste julafta. no kan jula berre komme, vi er klare! snakkast sikkert imorgon 

wish me luck




oppdaga plutseleg at rommet var litt rotete. 

Les mer i arkivet » April 2012 » Januar 2012 » Desember 2011
hits